Nynorsk no

Nynorsk kultursentrum

Dette er ein podkast som tek opp aktuelle tema innan språk, kultur og kunnskap. Her finn du god underhaldning samstundes som du kan lære noko nytt og spennande. Podkasten er produsert av Nynorsk kultursentrum. read less
Society & CultureSociety & Culture

Episodes

Festspelpodden: Det kvite kortet
Jun 5 2020
Festspelpodden: Det kvite kortet
I høve Digitale festspel 2020 presenterer vi denne samtalen med Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen, som har gjendikta to verk av den amerikanske forfattaren Claudia Rankine: Medborgar og Det kvite kortet. Samtalen er leia av Anna Kleiva.Dette opptaket blei spelt inn fredag 29. mai, berre nokre dagar etter at George Floyd blei drepen av politibetjentar i USA og folk der tok til gatene for å demonstrere mot rasisme og politivald. Sidan den fredagen har situasjonen i USA blir enda meir tilspissa, med demonstrasjonar i alle delstatar statar og utstrakt bruk av vald frå styresmaktene. Såleis har denne samtalen blitt enda meir aktuell enn vi først trudde, i og med at diktinga til Claudia Rankine nettopp handlar om spørsmål om rasisme, klasse og meir. I samtalen blir det snakka både om Rankine sine perspektiv og erfaringane og perspektiva til Lundestad Joof og Leganger Iversen som har gjendikta bøkene hennar. Saman med Kleiva les dei også nokre utvalde passasjer frå Det kvite kortet.Camara Lundestad Joof (f. 1988) er ein norsk-gambisk scenekunstnar og dramatikar. Det kunstnariske arbeidet hennar er i hovudsak dokumentarisk og tek for seg interseksjonalitet, dekolonialisme og normkritikk. Ho er med og leiar Den Mangfaldige Scenen, og har spela over to hundre framsyningar i Skandinavia med den sjølvbiografiske soloførestillinga Pavlovs tispe. I tillegg til gjendiktingane av Claudia Rankine står Joof bak boka Eg snakkar om det heile tida, hjå Samlaget.Kristina Leganger Iversen (f. 1989) er litteraturvitar, forfattar og omsetjar som skriv skjønnlitteratur i grenselandet mellom prosa og lyrikk. I tillegg til gjendiktingane av Claudia Rankine har Iversen skrive boka Bli mor no? (2019) og romanane Hjartemekanikk (2011) og Ringane (2015).Anna Kleiva (f. 1985) er lyrisk forfattar og omsetjar, og ho har markert seg med ei nyskapande poetisk stemme. I samband med Digitale festspel 2020 vil ho leie samtalen i to podkastar.Digitale festspel 2020 held fram til om lag 10. juli. Nye innslag blir publisert kvar veke på nynorsk.no, og du kan sjekke ut programmet når det passar for deg.12. og 13. juni sender vi direkte i samarbeid med Oclin og vierlive.no. Den 12. juni kan du få oppleve festspeldiktarane Odd Nordstoga og Stein Versto i samtale med Finn Tokvam, og 13. juni blir det konsert med Edvard Hoem og døtra hans, Ine Hoem. All informasjon og billettar kan du finne på nynorsk.no
Festspela 2019: Forteljinga om oss
May 14 2020
Festspela 2019: Forteljinga om oss
I denne første episoden av podkasten Nynorsk no får du høyre eit opptak frå Dei nynorske festspela 2019, der Kjartan Fløgstad, Eli Bjørhusdal, Inger Marie Okkenhaug og Heming Gujord diskuterer og dekonstrurer (delar av) forteljinga om vår eigen kultur.Forfattar Kjartan Fløgstad debuterte i 1968, og har ein rikhaldig forfattarskap som både utfordrar og løftar fram viktige kjenneteikn ved vår kultur i vid forstand, og kanskje særleg tilhøve mellom klasse og kultur. Les meir om Fløgstad hjå Allkunne: https://www.allkunne.no/framside/biografiar/f/kjartan-flogstad//89/11857/Språkforskar Eli Bjørhusdal har gjort eit viktig forskingsarbeid om kvinnene i den nynorske kulturhistoria, og har noko å formidle om korleis desse har blitt gløymt og kva dette betyr for det store "vi"-et i målrørsla. Les meir om Bjørhusdal hjå Allkunne:https://www.allkunne.no/framside/biografiar/b/eli-bjorhusdal//85/937/Inger Marie Okkenhaug bidreg med sine perspektiv som historikar og drøftar kor vidt vårt "vi" stoggar med landegrensene. Okkenhaug har særskild erfaring med misjonshistorie og soleis eit viktig kapittel om nordmenns aktivitet i den store verda. Les meir om hennar arbeid hjå Høgskulen i Volda:https://www.hivolda.no/tilsette/historie/inger-marie-okkenhaugSamtalen blei leia av Heming Gujord, som i tillegg til å vere Fløgstad-ekspert og forfattar bak boka Fløgstad verk, om Kjartan Fløgstad sin forfattarskap, er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Les meir om hans arbeid hjå Universitet i Bergen: https://www.uib.no/personer/Heming.GujordDu kan lese meir om boka Fløgstad verk her:https://samlaget.no/products/flogstad-verk-skriftprosessar-produksjonslinjer-1?fbclid=IwAR0cJ2hJOxx8d-1-Dp3rl4y-6xUXAhuGX5cm_TqXHRzGB5622tA-3wZZhjg